|
- av Marit Loe Bjørnstad
Eg har følt meg tidvis trassig og smått opprørsk heile livet. Ikkje på den opplagte måten som i at eg som ung farga håret svart, droppa ut av skulen eller sa frekke ting til læraren (Merk tidvis og smått). Eg let i vaksen alder vera å farge dei grå håra. Eg går ikkje i flokk, når eg er usikker på om flokken går i riktig retning. Eg likar ikkje når folk forteller meg korleis noko skal vera utan at dei samstundes forteller meg kvifor det må vera akkurat slik. Difor, sjølv om uttrykket heiter etter alle kunstens reglar, er det nettopp fraværet av reglar, eller i allefall opplevinga av at reglane for ei stund er kasta opp i lufta, som gjer at improvisasjon oppleves som små lommer av fridom. Jo meir teoretisk og konseptuell kunst blir, dess meir befriande kjennes det umiddelbare uttrykket der tilfeldige samantreff gir moglegheit til å skape eiga meining. Når det er sagt, er ikkje improvisasjonen vi skal oppleve i kveld korkje regelfri, nøytral eller tidlaus, men er snarere uttrykk for bestemte tradisjonar og måtar å tenke om kropp, lyd og rørsle. Desse tradisjonane og verdisyna er også med meg som publikummar gjennom mi eiga erfaring som skapande og utøvande dansar. Men i kveld skal eg også erfare improvisasjonen som nokon andre. Eit liv under vatn Det er Oslo, det er fredag ettermiddag og i gatene rundt oss er folk på veg til oktoberfest. Medan vi ruslar opp Hausmannsgate, kjem eg på at eg ikkje har informert følget mitt om kva arrangement vi skal på. Fordi eg som oftast anten går aleine på denne type arrangement eller saman med kollegaer, har har eg gløymd at følget mitt ikkje har for vane å gå på arrangement med improvisasjonsutøvarar ein grovt kan plassere i den postmoderne dansekunstsjangeren. Ikkje fordi ein nødvendigvis treng å bli budd på dette, men ein liten heads up kan vera greit. “Det kan godt hende vi berre er fem publikummarar i salen”, kastar eg lett ut i lufta. “Berre fem? Åh nei!”, seier følget og stoppar med ei bekymra mine: “Eg pleier å vera ei av dei som den sit ekstra framoverlent, nikkar anerkjennande og ja, rett og slett er den som passar på at utøvarande føler seg sett og hørt. Med berre fem i salen er jo det ansvaret tungt å bera!” Eg ler og kjenner meg at i denne haldninga som er like sympatisk som ho kanskje er bortkasta. “Du kan slappe heilt av”, seier eg, “Dei på scena bryr seg ikkje om kva vi driv med”. Sjølvsagt bryr dei på scena seg om oss i salen, men måten vi møter dei på betyr mindre for utøvinga enn måten utøvarane møter kvarandre på. Og dessutan skal vi i kveld alle møtast som menneske. Medan vi ventar på at dørene ned til teateret skal opne, går praten mellom kjente og ukjente rundt bordet. Vi prøver alle å plassere kvarandre. Kanskje det vi eigentleg spør om er: Kven er du og korleis kjem du til å forstå det vi skal oppleve i kveld? Følget mitt er symjar. Og slik utvidast perspektivet mitt til å inkludere det eg trur er blikket og kroppen til ei som kan å manøvrere i og under vatn. På veg ned i salen overhøyrer at scenografien ikkje tilhøyrer Ensemble Haus, men at den berre står der. Men ingen ting på ei scene berre står der, heller ikkje dei store treplatene med hol til dører og vindu. I det eg set meg, blir scenografien eit hus og utøvarane folk. At utøvarane er folk seier seg gjerne sjølv, men ein del av estetikken og ideala i den tradisjonen eg står i, kjenneteiknast nettopp av eit (innbilt) fravær av kropp, kjønn, kjensler og erfaring. Dansematerialet skal haldas ope for tolkning og då kan det ikkje verta “tilsmussa” av noko menneskeleg. Det finst eit ideal om nøytralitet, som jo er ganske fortvilande å arbeide med. Når alt kan bety alt, betyr ingen ting noko som helst. Men i kveld betyr noko noko. Når ein av utøvarane med lette fingrar gir liv til vasspegelet i hjørnet, for så å la dei små bølgerørslene breie seg vidare gjennom eigen kropp og vidare til dei andre kroppane, forvandlast heile rommet til eit hav. Eg ser svømmande kroppar over alt. Føtter klakker med metall mot golvet og hender dunkar mot veggane i det eg først trudde var eit hus, men som like mykje er ein ubåt eller eit forlist skip. Her på djupet lever menneska liva sine, aleine og saman. Dansarane Siri og Sigrid blir søstre som følger i kvarandre sine fotefar. Janne blir den einsame dansaren i lyset frå gatelykta. Eg har alltid vore interessert i det feministiske perspektivet ein kan ha på foholdet mellom dans som eit (i hovudsak) kvinneyrke i møte med jazz og rytmisk musikk der det å vera instrumentalist (i hovudsak) er eit mannsyrke. Heilt spesifikt har eg vore nysgjerrig på maktdimensjonen og verdivurderingane som kjem i spel når publikum skal lytte til ein mannleg musikar og sjå på ein kvinneleg dansar og vidare korleis utøvarane sjølve forheld seg til dette. Eg var difor spent på korleis forholdet mellom lyd og rørsle ville utspele seg mellom ein mannleg instrumentalist og tre kvinnelede dansarar. Magnus, mannen og musikaren, startar taust og skjult for oss. Vi veit at han står der i skuggen, men vi veit ikkje om han ser oss. Kommunikasjonen mellom utøvarane oppleves raskt som finstemt. At instrumentet er noko så stort i både utsjånad og lyd som ein tuba er, tenkjer eg ikkje på. Litt fordi Magnus scenisk framstår som var og følsom i møte med dansarane, men kanskje mest fordi han speler lite på tubaen i tradisjonell forstand. På eit tidspunkt smeltar tubaspel saman med dans i noko som først oppleves som ein dialog, men som etter kvart flyt over i heilskap der kropp og instrument, rørsle og lyd ikkje lenger kan skiljast frå kvarandre. Og med eitt symjer ein kval forbi og syng ein sørgesong. Kvifor sørger kvalen? For meg blir dette kveldens høgdepunkt. Når det eine initiativet bygger vidare på det andre og samspelet får utvikle sin eigen logikk, hinsides dette rommet og vi som er i det, får mi indre verd plass i verda på scena. Ein ny dimensjon åpnar seg der fleire verder eksisterer samtidig. Det som samlar oss Den siste tida har Knutsen og Ludvigsen-låta “Eventyret om ein melodi” på nytt dukka opp i bevisstheita mi. Den pleier å gjera det når dommedagsprofetiane haglar, slik som no om at kunstig intelligens skal erstatte kunst og kultur, og kanskje til og med mennesket sjølv. Låta kom ut i 1977 og er morsom og faktisk litt smågrov om du høyrer godt etter. (Hallo, ein “hund som setter seg på halen sin og logrer”?). Men mest av alt er den rørande og djup eksistensialistisk på mennesket og kulturen sine vegne. Knutsen og Ludvigsen var framsynte og skildra allereie i 1977 korleis globalisering og internasjonal musikkindustri påverka både lyttevanane våre og musikkproduksjon. Eg er oppvaksen i ein familie der kunst og kulturelle uttrykk var ein del av kvardagen og sjølve livet, av “amatør”-foreldre som jamnt over har ein sterkare og meir stabil utøvande og skapande praksis enn eg som er “profesjonell”. Fordi eg rett som det er rotar eg meg bort i ein intellektuell søknadsjungel med tilhøyrande øyredøyvande tvil om kva som er meininga med det heile, har eg eit tvisynt forhold til institusjonalising og profesjonaliering av kunst. Ikkje fordi kunst ikkje er eit fag eller at folk ikkje skal få betalt, men fordi, og dette er også moralen i “Eventyret om ein melodi”, mennesket har uttrykt seg ved hjelp av song og dans sidan tidenes morgon og vil fortsette med så lenge verda står. Eit klårare blikk På veg opp frå djupet vekslar eg nokre ord med Ine, som også skal skrive om improvisasjonen. “Kva er det de skriv når de sit og noterer”, spør følget mitt, symjaren, og eg innser at eg heller ikkje har informert om at det er korkje vanleg eller forventa at publikum notere. Og som vanleg har eg vanskar med å tyde mine eigne notat og eg lurar på om eg kan skylde på at havet har skylt bort blekket. Noko kan eg likevel tyde og det er dette: “Ei anna verd”. I kveld minner vi kvarandre på at nye verder alltid vil oppstå, også når det innebærer at verda slik vi kjenner ho i dag, vil opphøyre. - av Ine Vie
Det første jeg ser er steppesko i sølv. Det har jeg aldri sett før, tenker jeg. Det står en kvinnelig stepper og to dansere på scenen. Det er skoene som avslører at hun er stepper. Og at det i et hjørne er lagt frem forskjellige underlag. Metallplate - treplate - en bit med plastgress og en gjennomsiktig boks med vann Kulissene er en uferdig rigg av et interiør i finér. Stillhet De tre danserne står i triangelform fra ytterkantene i rommet. En av dem starter en bevegelse. Hun strekker en arm ned mot gulvet så langt at hele kroppen må følge med. De andre tar opp den samme bevegelsen, men ulikt. De speiler initiativet på ulike måter, i ulike kropper, på sine forskjellige steder i rommet. Hendene speiler også. Likt og ulikt, om hverandre Alt er så konsentrert. Et øyeblikk er lyden av lysriggen det høyeste volumet i rommet. Det som tar mest oppmerksomhet. Stepperens fingre spiller i vann nå. Bak kulissene, en tuba bak som griner. En slakta duett av dansere ligger i det andre hjørnet. Duetten reiser seg og de følger hverandre tett. Lenge Den store, gyllenblanke tubaen kommer på scenen, sammen med en liten mann. Sammen med ham blir stepperen mer en musiker enn en danser. En hel rytmeseksjon i hvit blazer og sølvsko. Et lite orkester står der nå. Han improviserer blåselyder. Hennes føtter svarer med rytmer. Tubaen begynner å danse. Den svinger i lufta. Jeg ser på et ensemble i improvisasjon. Det krever noe av meg. For improvisasjon er alltid en invitasjon. Til å skape i mitt eget bilde med de innspillene som kommer fra scenen. Jeg puster det jeg ser og blir en del av det fordi jeg tar det inn. Og kjenner en uendelig takknemlighet for å kunne observere andres utforsking. Denne uendelige verdien som bare et delt øyeblikk kan romme. For når jeg aksepterer premisset om det uferdige, kan jeg være i ett med alt. Og jeg lurer:
Jeg tar i dette øyeblikket del i både ett og to fellesskap. Gjennom å se på tar jeg del i det som skjer på scenen. Som publikummer er jeg i et fellesskap av de som ser: Sammen og hver for oss. På scenen eksisterer et tredje fellesskap som er like tydelig selv når det bare er stillhet. Også når det eneste som skjer er at stepperen tar av seg skoene og gjør ingenting. Fra dette ingenting skapes en linje av danserne. Den skinnende tubaen står midt på gulvet. Mens tubaisten synger i vann. Dansen blir med ett mer mangfoldig og ikke-lineær. Noe i meg vet instinktivt at det jeg er vitne til er en helt konkret årsakssammenheng. Dynamikken i stemmen har brakt inn et nytt element som dansekroppene gjenkjenner. Det reflekteres umiddelbart i en ny bevegelseskompleksitet. Jeg må tørre å stole på at overføringen jeg så fra lyd til kropp er reell. Innsikten krever at jeg investerer tillit til det som skjer i meg selv. Slik medskaper jeg dette øyeblikket, denne kunsten, gjennom observasjon. Dette får lov til å skje fordi jeg er i et rom der utøverne på scenen ikke insisterer på å ha rett. I dette rommet er spisskompetansen fullstendig upretensiøs. Kvaliteten som følger av å være profesjonell danser og musiker får bli med inn i en slags lek. “Kan vi bare se på dette sammen?” Det “uferdige” rommet gir meg tilgang til en egen tilstand. Den kan oppstå fordi kunstnerens erfaring utøves og deles i sin råe og opprinnelige form. Og der, plutselig, er mitt fokus rettet mot et par danseføtter som rister i lufta. Lealaust og fragilt Som en turbulens fyller rommet. "Hjelp jeg flyr" Som om føttene sier det. Men det er inni meg at jeg sier det. Samtidig som jeg ikke kunne sagt det inni meg uten det som skjedde på scenen. Veggene i rommet rister som ved et jordskjelv. Mens publikums blikk fortsetter å skape innholdet i møte med utøvernes samspill. De viktigste spørsmålene dette rommet tilbyr meg er:
I rom som dette kan vi lære å lese innhold ved å bruke våre egne erfaringer som inngang. Noen blir redde i møte med det, fordi det de ser fremstår skisseaktig og ikke rett frem forståelig. I møte med det fremmede har du to valg. Du kan velge om du vil se det ukjente som skremmende. Eller om du vil invitere deg selv inn. Da kan det fremmede plutselig bli ganske hjemmekoselig. Det er fredag kveld. Og jeg tenker at 9998 av 10.000 ganger vil jeg velge dette fremfor Gullrekka. Her kan jeg bare eksistere sammen med voksne som leker profesjonelt og trer ut av alle roller. Som når en tuba blir brukt til å suge lufta inn. En i publikum kommenterer etterpå at han føler at han har sett et teaterstykke uten tittel. At den språkløse kommunikasjonen fra scenen har gjort at hele hodet er renset. Andre har sittet der med et ønske om å være med, å steppe, å lage lyd. Og lurt på: "Hva skjer nå — og nå — og nå" Svaret er kanskje: Dette er sånt som skjer, det er slike vakre, hverdagslige ting som får oppstå. I “uferdige” rom, der hjernen får lov til å fylle ut det som mangler. |
Ensemble Haus is
Siri Jøntvedt (dance) Janne Eraker (tap dance) Magnus Løvseth (tuba) at Grusomhetens Teater in Oslo Dates and guests 2026 March 13 (no guest) text: Hilde Rustad May 8 with Jennifer Torrence (percussion) text: Karen Høybakk Mikalsen August 28 with Erlend Olderskog Albertsen (double bass) text: Ilse Ghekiere October 9 with Sigrid Kopperdal (dance) text: Marit Loe Bjørnstad and Ine Vie Supported by: FFUK, Kulturrådet and Dansens Haus Archives
October 2026
Categories |
RSS Feed