|
- av Marit Loe Bjørnstad
Eg har følt meg tidvis trassig og smått opprørsk heile livet. Ikkje på den opplagte måten som i at eg som ung farga håret svart, droppa ut av skulen eller sa frekke ting til læraren (Merk tidvis og smått). Eg let i vaksen alder vera å farge dei grå håra. Eg går ikkje i flokk, når eg er usikker på om flokken går i riktig retning. Eg likar ikkje når folk forteller meg korleis noko skal vera utan at dei samstundes forteller meg kvifor det må vera akkurat slik. Difor, sjølv om uttrykket heiter etter alle kunstens reglar, er det nettopp fraværet av reglar, eller i allefall opplevinga av at reglane for ei stund er kasta opp i lufta, som gjer at improvisasjon oppleves som små lommer av fridom. Jo meir teoretisk og konseptuell kunst blir, dess meir befriande kjennes det umiddelbare uttrykket der tilfeldige samantreff gir moglegheit til å skape eiga meining. Når det er sagt, er ikkje improvisasjonen vi skal oppleve i kveld korkje regelfri, nøytral eller tidlaus, men er snarere uttrykk for bestemte tradisjonar og måtar å tenke om kropp, lyd og rørsle. Desse tradisjonane og verdisyna er også med meg som publikummar gjennom mi eiga erfaring som skapande og utøvande dansar. Men i kveld skal eg også erfare improvisasjonen som nokon andre. Eit liv under vatn Det er Oslo, det er fredag ettermiddag og i gatene rundt oss er folk på veg til oktoberfest. Medan vi ruslar opp Hausmannsgate, kjem eg på at eg ikkje har informert følget mitt om kva arrangement vi skal på. Fordi eg som oftast anten går aleine på denne type arrangement eller saman med kollegaer, har har eg gløymd at følget mitt ikkje har for vane å gå på arrangement med improvisasjonsutøvarar ein grovt kan plassere i den postmoderne dansekunstsjangeren. Ikkje fordi ein nødvendigvis treng å bli budd på dette, men ein liten heads up kan vera greit. “Det kan godt hende vi berre er fem publikummarar i salen”, kastar eg lett ut i lufta. “Berre fem? Åh nei!”, seier følget og stoppar med ei bekymra mine: “Eg pleier å vera ei av dei som den sit ekstra framoverlent, nikkar anerkjennande og ja, rett og slett er den som passar på at utøvarande føler seg sett og hørt. Med berre fem i salen er jo det ansvaret tungt å bera!” Eg ler og kjenner meg at i denne haldninga som er like sympatisk som ho kanskje er bortkasta. “Du kan slappe heilt av”, seier eg, “Dei på scena bryr seg ikkje om kva vi driv med”. Sjølvsagt bryr dei på scena seg om oss i salen, men måten vi møter dei på betyr mindre for utøvinga enn måten utøvarane møter kvarandre på. Og dessutan skal vi i kveld alle møtast som menneske. Medan vi ventar på at dørene ned til teateret skal opne, går praten mellom kjente og ukjente rundt bordet. Vi prøver alle å plassere kvarandre. Kanskje det vi eigentleg spør om er: Kven er du og korleis kjem du til å forstå det vi skal oppleve i kveld? Følget mitt er symjar. Og slik utvidast perspektivet mitt til å inkludere det eg trur er blikket og kroppen til ei som kan å manøvrere i og under vatn. På veg ned i salen overhøyrer at scenografien ikkje tilhøyrer Ensemble Haus, men at den berre står der. Men ingen ting på ei scene berre står der, heller ikkje dei store treplatene med hol til dører og vindu. I det eg set meg, blir scenografien eit hus og utøvarane folk. At utøvarane er folk seier seg gjerne sjølv, men ein del av estetikken og ideala i den tradisjonen eg står i, kjenneteiknast nettopp av eit (innbilt) fravær av kropp, kjønn, kjensler og erfaring. Dansematerialet skal haldas ope for tolkning og då kan det ikkje verta “tilsmussa” av noko menneskeleg. Det finst eit ideal om nøytralitet, som jo er ganske fortvilande å arbeide med. Når alt kan bety alt, betyr ingen ting noko som helst. Men i kveld betyr noko noko. Når ein av utøvarane med lette fingrar gir liv til vasspegelet i hjørnet, for så å la dei små bølgerørslene breie seg vidare gjennom eigen kropp og vidare til dei andre kroppane, forvandlast heile rommet til eit hav. Eg ser svømmande kroppar over alt. Føtter klakker med metall mot golvet og hender dunkar mot veggane i det eg først trudde var eit hus, men som like mykje er ein ubåt eller eit forlist skip. Her på djupet lever menneska liva sine, aleine og saman. Dansarane Siri og Sigrid blir søstre som følger i kvarandre sine fotefar. Janne blir den einsame dansaren i lyset frå gatelykta. Eg har alltid vore interessert i det feministiske perspektivet ein kan ha på foholdet mellom dans som eit (i hovudsak) kvinneyrke i møte med jazz og rytmisk musikk der det å vera instrumentalist (i hovudsak) er eit mannsyrke. Heilt spesifikt har eg vore nysgjerrig på maktdimensjonen og verdivurderingane som kjem i spel når publikum skal lytte til ein mannleg musikar og sjå på ein kvinneleg dansar og vidare korleis utøvarane sjølve forheld seg til dette. Eg var difor spent på korleis forholdet mellom lyd og rørsle ville utspele seg mellom ein mannleg instrumentalist og tre kvinnelede dansarar. Magnus, mannen og musikaren, startar taust og skjult for oss. Vi veit at han står der i skuggen, men vi veit ikkje om han ser oss. Kommunikasjonen mellom utøvarane oppleves raskt som finstemt. At instrumentet er noko så stort i både utsjånad og lyd som ein tuba er, tenkjer eg ikkje på. Litt fordi Magnus scenisk framstår som var og følsom i møte med dansarane, men kanskje mest fordi han speler lite på tubaen i tradisjonell forstand. På eit tidspunkt smeltar tubaspel saman med dans i noko som først oppleves som ein dialog, men som etter kvart flyt over i heilskap der kropp og instrument, rørsle og lyd ikkje lenger kan skiljast frå kvarandre. Og med eitt symjer ein kval forbi og syng ein sørgesong. Kvifor sørger kvalen? For meg blir dette kveldens høgdepunkt. Når det eine initiativet bygger vidare på det andre og samspelet får utvikle sin eigen logikk, hinsides dette rommet og vi som er i det, får mi indre verd plass i verda på scena. Ein ny dimensjon åpnar seg der fleire verder eksisterer samtidig. Det som samlar oss Den siste tida har Knutsen og Ludvigsen-låta “Eventyret om ein melodi” på nytt dukka opp i bevisstheita mi. Den pleier å gjera det når dommedagsprofetiane haglar, slik som no om at kunstig intelligens skal erstatte kunst og kultur, og kanskje til og med mennesket sjølv. Låta kom ut i 1977 og er morsom og faktisk litt smågrov om du høyrer godt etter. (Hallo, ein “hund som setter seg på halen sin og logrer”?). Men mest av alt er den rørande og djup eksistensialistisk på mennesket og kulturen sine vegne. Knutsen og Ludvigsen var framsynte og skildra allereie i 1977 korleis globalisering og internasjonal musikkindustri påverka både lyttevanane våre og musikkproduksjon. Eg er oppvaksen i ein familie der kunst og kulturelle uttrykk var ein del av kvardagen og sjølve livet, av “amatør”-foreldre som jamnt over har ein sterkare og meir stabil utøvande og skapande praksis enn eg som er “profesjonell”. Fordi eg rett som det er rotar eg meg bort i ein intellektuell søknadsjungel med tilhøyrande øyredøyvande tvil om kva som er meininga med det heile, har eg eit tvisynt forhold til institusjonalising og profesjonaliering av kunst. Ikkje fordi kunst ikkje er eit fag eller at folk ikkje skal få betalt, men fordi, og dette er også moralen i “Eventyret om ein melodi”, mennesket har uttrykt seg ved hjelp av song og dans sidan tidenes morgon og vil fortsette med så lenge verda står. Eit klårare blikk På veg opp frå djupet vekslar eg nokre ord med Ine, som også skal skrive om improvisasjonen. “Kva er det de skriv når de sit og noterer”, spør følget mitt, symjaren, og eg innser at eg heller ikkje har informert om at det er korkje vanleg eller forventa at publikum notere. Og som vanleg har eg vanskar med å tyde mine eigne notat og eg lurar på om eg kan skylde på at havet har skylt bort blekket. Noko kan eg likevel tyde og det er dette: “Ei anna verd”. I kveld minner vi kvarandre på at nye verder alltid vil oppstå, også når det innebærer at verda slik vi kjenner ho i dag, vil opphøyre. Comments are closed.
|
Ensemble Haus is
Siri Jøntvedt (dance) Janne Eraker (tap dance) Magnus Løvseth (tuba) at Grusomhetens Teater in Oslo Dates and guests 2026 March 13 (no guest) text: Hilde Rustad May 8 with Jennifer Torrence (percussion) text: Karen Høybakk Mikalsen August 28 with Erlend Olderskog Albertsen (double bass) text: Ilse Ghekiere October 9 with Sigrid Kopperdal (dance) text: Marit Loe Bjørnstad and Ine Vie Supported by: FFUK, Kulturrådet and Dansens Haus Archives
October 2026
Categories |
RSS Feed